Betjent
Stengt · Stengt i dag
Mandag
12:00 - 15:00
Onsdag
14:00 - 17:00
Torsdag
14:00 - 17:00
Stengt
13. mai, 24. mai
INNFØRING AV DAGBØTER VED FORSINKA LEVERING AV UTSTYR
Det følgjande er innført etter råd og mal frå BUA sentralt, og vil gjelda frå 01.10.21. Bakgrunnen for at dette vert innført er ein aukande tendens til forsinka innlevering. Dette skapar til tider store problem for oss, spesielt når det gjeld administrering av reservasjonar.
Dersom du ikkje leverer lånet til avtalt tid, vil du bli pålagd dagbøter. Satsen på dagbøter er kr 100,- for lån på inntil 4 utstyrseiningar, 250,- for inntil 8 utstyrseiningar, 500,- for lån med over 8 utstyrseiningar per dag lånet er forsinka. For gjentekne brot på desse reglane, vil låntakar i tillegg bli fråteke retten til å låna utstyr i 1 månad.
Dersom du får problem med å levera til rett tid, er det mogeleg å ringa oss på 917 95 664 og høyra om det er mogeleg å forlenga lånet ein dag eller to.
Dagbøtene skal betalast med Vipps til nummer 700186.